Kva er ein nettlesar?

Ein nettlesar tek deg med overalt på nettet, slik at du kan sjå tekst, bilde og video frå heile verda.

Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Nettet er eit stort og kraftfullt verktøy. I nokre tiår har internett endra måten vår å arbeide på, finn underhaldning, og korleis vi samhandlar med kvarandre. Avhengig av korleis det vert brukt, byggjer det bru mellom nasjonar, driv handel, styrkar relasjonar, driv innovasjonsmotoren til framtida, og er ansvarleg for fleire memes enn vi veit kva vi skal gjere med.

Det er viktig at alle har tilgang til nettet, men det er også avgjerande at vi alle forstår verktøya vi brukar for å få tilgang til det. Vi brukar nettlesarar som Mozilla Firefox, Google Chrome, Microsoft Edge og Apple Safari kvar dag, men forstår vi kva dei er og korleis dei fungerer? På kort tid har vi gått frå å vere forbløffa over moglegheita til å sende ein e-post til nokon rundt om i verda, til ei endring i korleis vi tenkjer på informasjon. Det er ikkje lenger eit spørsmål om kor mykje du veit, men rett og slett eit spørsmål om kva nettlesar eller app som kan skaffe deg den informasjonen raskast.

Korleis fungerer ein nettlesar?

Ein nettlesar tek deg kvar som helst på internett. Han hentar informasjon frå andre delar av nettet og viser den på datamaskina eller mobileininga di. Informasjonen blir overført ved hjelp av Hypertext Transfer Protocol, som definerer korleis tekst, bilete og video blir overført på nettet. Denne informasjonen må delast og visast i eit konsistent format slik at folk som brukar kva nettlesar som helst, kvar som helst i verda, kan sjå informasjonen.

Diverre vel ikkje alle nettlesarprodusentane å tolke formatet på same måte. For brukarar tyder dette at ein nettstad kan sjå ulik ut og fungere ulik. Å lage samsvar mellom nettlesarar slik at alle brukarar kan nyte av internett, same kva for nettlesar dei vel, heiter nettstandardar.

Når ein nettlesar hentar data frå ein internett-tilkopla sørvar brukar han ei programvare som vert kalla ein renderingsmotor for å omsette data til tekst og bilde. Desse dataa er skrivne i Hypertext Markup Language (HTML) og nettlesarar les denne koden for å lage det vi ser, høyrer og opplever på internett.

Hyperlenker lèt brukarar følgje ein sti til andre sider eller nettstadar på nettet. Kvar nettside, bilde og video har sin eigen unike Uniform Resource Locator (URL), også kjent som ei nettadresse. Når ein nettlesar hentar data frå ein server, fortel nettadressa nettlesaren kvar han skal leite etter kvart element som er skildra i HTML-koden, som igjen fortel nettlesaren kvar elementet skal visast på nettsida.

Infokapslar eller cookies-kjeks (ikkje dei du kan ete)

Nettstadar lagrar informasjon om deg i filer som vert kalla infokapslar. Dei vert lagra på datamaskina di til neste gong du besøkjer nettstaden. Når du kjem tilbake vil koden til nettstaden lese fila for å sjå at det er du. Når du til dømes går til ein nettstad vil sida hugse både brukarnamn og passord – det er muleg med ein infokapsel.

Det finst også infokapslar som hugsar meir detaljerte opplysningar om deg, til dømes interessene dine, nettlesarvanar, med meir. Dette gjer at ein nettstad kan gi deg meir målretta innhald – ofte i form av annonsar. Det finst typar infokapslar, kalla tredjepartsinfokapslar, som kjem frå nettstadar du ikkje eingong besøkjer, og som kan spore deg frå nettstad til nettstad for å samle informasjon om deg, som av og til blir seld til andre selskap. Av og til kan du blokkere denne typen infokapslar, men ikkje alle nettlesarar tillèt det.

Kunnskap om personvern

Nesten alle store nettlesarar har ei innstilling for privat nettlesing. Desse finst for å skjule nettlesarhistorikken frå andre brukarar på same datamaskin. Mange trur at privat nettlesing eller inkognito-modus både skjuler identiteten deira og nettlesarhistorikken frå internettleverandørar, styresmakter og annonsørar. Det gjer dei ikkje. Dessa innstillingane slettar berre historikken på systemet ditt, noko som er bra, om du har å gjere med sensitiv personleg informasjon på ei delt eller offentleg datamaskin. Firefox gjer meir enn det.

Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Firefox hjelper deg med å vere meir privat på nettet ved å la deg blokkere sporarar frå å følgje deg på nettet.

Tilpass nettlesaren din til dine behov

Dei fleste store nettlesarar lèt brukarane endre opplevinga si gjennom utvidingar eller tillegg. Utvidingar er programvarebitar du kan leggje til i nettlesaren din for å tilpasse han eller leggje til funksjonalitet. Utvidingar kan gjere alle slags morosame og praktiske ting, som å aktivere nye funksjonar, ordbøker på framandspråk eller visuelle utsjånadar og tema.

Alle nettlesarprodusentar utviklar produkta sine for å vise bilde og video så raskt og smidig som mogleg, noko som gjer det enkelt for deg å få mest mogleg ut av nettet. Dei jobbar alle hardt for å sørgje for at brukarane har ein nettlesar som er rask, kraftig og enkel å bruke. Det er derfor dei er ulike. Det er viktig å velje rett nettlesar for deg. Mozilla byggjer Firefox for å sikre at brukarane har kontroll over sine nettliv og for å sikre at internett er ein global, offentleg ressurs, tilgjengeleg for alle.

Ta kontroll over nettlesaren din.

Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring