Historia om nettlesarane

Verdshistoria er full av episke maktkampar, verdsherredømme og heltemodige utfordrarar. Historia om nettlesarar er ikkje så ulik. Pionerar ved universitet skreiv enkel programvare som starta ein informasjonsrevolusjon, og kampen om dominansen til nettlesarane og brukarar følgde.

Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Før webbens tidsalder

På 1950-talet fylte datamaskiner heile rom og var mindre smarte enn dagens lommekalkulatorar. Men utviklinga gjekk raskt, og innan 1960 kunne dei køyre komplekse program. Regjeringar og universitet verda over ønskte at maskinene skulle kunne kommunisere, for å fremje samarbeid og vitskaplege gjennombrot.

ARPANET var det første vellykka nettverksprosjektet, og i 1969 vart den første meldinga send frå datavitskapslaboratoriet ved University of California, Los Angeles (UCLA) til Stanford Research Institute (SRI), også i California.

Dette starta ein revolusjon innan datanettverk. Nye nettverk vart danna, som kopla saman universitet og forskingssenter over heile verda. Men i 20 år var internett ikkje tilgjengeleg for offentlegheita, berre for forskarar, studentar og private bedrifter. Det fanst dusinvis av program som kunne overføre informasjon via telefonlinjer, men ingen var brukarvennlege. Det verkelege opne internettet og den første nettlesaren vart ikkje laget før i 1990.

Nett-æraen

Den britiske datavitskapsmannen Tim Berners-Lee laga den første webserveren og grafiske nettlesaren i 1990 medan han arbeidde ved CERN, Den europeiske organisasjonen for kjernefysikk, i Sveits. Han kalla det nye vindauget sitt til internett «WorldWideWeb.» Det var eit brukarvennleg grafisk grensesnitt laga for Next-maskina. For første gong vart tekst-dokument kopla saman over eit offentleg nettverk — nettet slik vi kjenner det.

Eit år seinare bad Berners-Lee CERN-student Nicola Pellow å lage Line Mode Browser, eit program for enkle dataterminalar.

I 1993 eksploderte nettet. Universitet, styresmakter og private selskap såg moglegheitene i det opne internettet. Alle trong nye program for å få tilgang. Det året vart Mosaic laga ved National Center for Supercomputing Applications (NCSA) ved University of Illinois Urbana-Champaign, av datavitskapsmannen Marc Andreessen. Dette var den første populære nettlesaren og ein tidleg forløpar til Mozilla Firefox.

NCSA Mosaic køyrde på Windows-maskiner, var enkel å bruke og gav alle med PC tilgang til tidlege nettsider, chatte-rom og biletbibliotek. Året etter (1994) grunnla Andreessen Netscape og lanserte Netscape Navigator for publikum. Den vart ein stor suksess og var den første nettlesaren for folk flest. Den var også første trekk i ein ny type krig om internettbrukarane.

Nettlesarkrigen

I 1995 var ikkje Netscape Navigator den einaste måten å kome seg på nett på. Programvaregiganten Microsoft lisensierte den gamle Mosaic-koden og bygde sitt eige vindauge mot nettet, Internet Explorer. Utgivinga utløyste ein krig. Netscape og Microsoft jobba febrilsk for å lage nye versjonar av programma sine, og prøvde kvar især å overgå den andre med raskare og betre produkt.

Netscape laga og lanserte JavaScript, som gav nettstadar kraftige databehandlingsmoglegheiter dei aldri hadde hatt før. (Dei laga også den berykta <blink>-taggen.) Microsoft kontra dette med Cascading Style Sheets (CSs), som vart standarden for nettsidedesign.

Ting gjekk litt ut av kontroll i 1997 då Microsoft gav ut Internet Explorer 4.0. Teamet bygde ein gigantisk bokstav «e» og sneik han ned på plenen til Netscapes hovudkvarter. Netscape-teamet velta raskt den gigantiske «e»-ein og sette sin eigen Mozilla dinosaurmaskot oppå han.

Så byrja Microsoft å levere Internet Explorer med operativsystemet sitt Windows. Innan fire år hadde dei 75 % av marknaden, og i 1999 hadde dei 99 % av marknaden. Selskapet vart tvinga til antitrust-søksmål på grunn av overgangen, og Netscape bestemde seg for å bruke open kjeldekode for kodebasen sin og oppretta den ideelle organisasjonen Mozilla, som seinare oppretta og lanserte Firefox i 2002. Då dei innsåg at det å ha eit nettlesarmonopol ikkje var i brukaranes og den beste interessa i det opne nettet, vart Firefox oppretta for å gi nettbrukarar valmoglegheiter. Innan 2010 hadde Mozilla Firefox og andre redusert Internet Explorer sin marknadsdel til 50 %.

Andre konkurrentar dukka opp på slutten av 90-talet og byrjinga av 2000-talet, inkludert Opera, Safari og Google Chrome. Microsoft Edge erstatta Internet Explorer med utgivinga av Windows 10 i 2015.

Surfing på nettet i dag

I dag finst det berre nokre få måtar å få tilgang til internett på. Firefox, Google Chrome, Microsoft Edge, Safari og Opera er dei største aktørane. Mobileiningar har vorte den føretrekte måten å surfe på nettet dei siste tiåra. Dei fleste brukarar får i dag tilgang til nettet berre via mobile nettlesarar og appar. Mobile versjonar av dei store nettlesarane finst for iOS og Android. Sjølv om desse appane er nyttige for spesifikke formål, gir dei berre avgrensa tilgang til nettet.

I framtida vil nettet truleg flytte seg vidare frå sine hypertekst-røtter til eit hav av interaktive opplevingar. Virtuell røyndom har vore på horisonten i fleire tiår (minst sidan filmen Lawnmower Man i 1992 og Nintendo Virtual Boy i 1995), men nettet kan no bringe det til massane. Firefox støtter no WebVR og A-Frame, som gjer det mogleg for utviklarar å byggje virtuelle røyndom-nettstadar raskt og enkelt. Dei fleste moderne mobil-einingar støttar WebVR, og kan lett brukast som øyretelefon med enkle pappesker. Ein 3d virtuell røyndom-nettside som den science fiction-forfattaren Neal Stephenson har førestilt seg, kan vere rett rundt hjørnet. Dersom det skjer, kan nettlesaren forsvinne og bli eit ekte vindauge inn til ei anna verd.

Uansett korleis det skal gå for nettet, vil Mozilla og Firefox vere der for brukarane, og sørgje for at dei har kraftige verktøy til å oppleve nettet og alt det har å by på. Nettet er for alle, og alle skal ha kontroll over den online opplevinga si. Derfor gir vi Firefox verktøy for å verne personvernet til brukarane, og vi sel aldri brukardata til annonsørar.

Ressursar

Ta kontroll over nettlesaren din.

Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring